ANDVAKE

STED: HORDALAND TEATER I LOGEN (Kart)

PERIODE: 25. MAI - 9. JUN

PRIS: FRA KR. 1080,-

BESTILL NÅ

*Per person i dobbeltrom 1 natt, frokost og billett.

-triologien av Jon Fosse

Jon Fosse fekk Nordisk Råds Litteraturpris for trilogien Andvake – Olavs draumar – Kveldsvævd. Verket har trollbunde publikum over heile verda og blir no teater.

 

Hordaland Teater er stolte over å kunne presentere urpremiere på ei av vår tid si mest markante litterære forteljingar i ein sceneversjon av Torkil Sandsund. Urpremieren vert 23. mai, under Festspillene i Bergen. Framsyninga vil ta oss gjennom alle tre romanane på tre timar.

 

Det er seinhaustes og Alida og Asle er kome til Bjørgvin for å finne ein stad å vere. Alida er høggravid, men ingen vil gi dei rom.

 

I trilogien følgjer vi parets kamp for å finne ein stad å føde og korleis dei på ulikt vis vert innhenta og stilt til ansvar for valga dei tek undervegs.

 

Andvake trilogien er forteljinga om ung kjærleik i ei ugjestmild verd, om kjærleik som sprenger sin eigen veg, og om kjærleik som overlev sjølve livet.

 

Dette er ei klasseforteljing og eit tidsbilete som rommar den mystikken og musikaliteten som særmerkjer Fosse. Den vert toneset av dei tidlegare festpelkunstnarane Trio Mædieval. Levande folkemusikk vert også eit sentralt element med felespelaren Erlend Apneseth på scenen.

 

Det er duka for årets heilt spesielle teateroppleving når dette verket for første gong møter scenen.

 

Spilletid: Ca. 3 timer

Dato/Tid Arrangement Sted Pris
Fre. 25. mai 18.00 Andvake inkl. hotellpakke HORDALAND TEATER I LOGEN - Bergen Fra 1080,- BESTILL NÅ
Lør. 26. mai 18.00 Andvake inkl. hotellpakke HORDALAND TEATER I LOGEN - Bergen Fra 1080,- BESTILL NÅ
Fre. 01. jun 19.00 Andvake inkl. hotellpakke HORDALAND TEATER I LOGEN - Bergen Fra 1080,- BESTILL NÅ
Lør. 02. jun 18.00 Andvake inkl. hotellpakke HORDALAND TEATER I LOGEN - Bergen Fra 1080,- BESTILL NÅ
Fre. 08. jun 19.00 Andvake inkl. hotellpakke HORDALAND TEATER I LOGEN - Bergen Fra 1080,- BESTILL NÅ
Lør. 09. jun 18.00 Andvake inkl. hotellpakke HORDALAND TEATER I LOGEN - Bergen Fra 1080,- BESTILL NÅ

FORTELL DINE VENNER

ANDRE POPULÆRE TEATER: