Ei musikalsk vestlandskrønike, del 1: 1965 - 1975.

BA - «Det er bare å ta av seg hatten»

BT - «Heim» skriv seg inn i sjela til vestlendingen
I første kapittel av Hordaland Teater si nye storsatsing skal vi vitje fylket vårt i åra mellom 1965 og 1975. Eit imponerande lag av sterke vestnorske stemmer har tatt imot utfordringa om saman å skrive fram eit bilete om kven vi var då. Kva rørte seg i Hordaland, i hordalendingen sitt blikk på seg sjølv og på verda omkring oss? Vi vil invitere publikum med til å minnast hendingane, songane og livet den gongen. I eit leikent teaterspråk flyttar vi oss frå Mongstad til Ulvik, frå Askøyferja til Vossevangen og midt i alle hendingane står Voksne Herrers Orkester med eit solid soundtrack som tek oss tilbake.
Det er unummererte sitteplasser på forestillingen.
Ver med frå starten i denne krønika som vil levere nye kapittel kvart år framover på Hordaland Teater.
FORTELL DINE VENNER